UB nr. 17 registrert på Eid vgs.

Eid vidaregåande skule har alltid vore gode på entreprenørskap, men i år er dei spesielt gode. Heile 17 ungdomsbedrifter er registrerte på skulen og når vi ser det i høve til eit elevtal på rundt 340 så er dette ein heilt unik situasjon.

Ungdomsbedrift nr. 17 registrerte seg på Eid vidaregåande skule den 30. november. Det høge talet på ungdomsbedrifer ved skulen skuldast ei langsiktig og systematisk satsing på entreprenørskap gjennom mange år. Skulen har alltid hatt ungdomsbedrifter med god kvalitet og Eid vgs. har gjennomført fleire vellykka gründercampar som direkte har resultert i nye ungdomsbedrifter og forretningsidéar.

På skulen er det mange engasjerte lærarar og skuleleiinga har alltid hatt eit bevisst forhold til satsing på entreprenørskap. Likevel må ein trekke fram UB lærar Leiv Johnny Endal som inneverande skuleår stiller som ansvarleg lærar for heile 11 ungdomsbedrifter. Heldigvis har han mange gode folk rundt seg som hjelper til.

 UB lærar Leiv Johnny Endal ved Eid vgs.

Eid vgs. skal stå som teknisk arrangør av Fylkesmessa 2010 og dei har i alle fall ikkje problem med å stille ungdomsbedrifter frå eigne rekkjer. Dei kjem til å okkupere heile 17 av dei rundt 60 UB stand'ane som blir på Fylkesmessa.

Årets ungdomsbedrifter på Eid vgs. er :

Onside UB - Fotballbrettspill

Rockebrus UB - Lage eigen brus til Malakoff Rock Festival

Rock Ice UB - Lage eigen is til rockefestivalar

TrashArt UB - Spesialdesigna søppelbøtte

Fullt Hus UB - Event arrangør

Snurr Film UB - Film / kino

UB Dry - Regnklede for festivalar

Chillcax UB  - Genser med ungdommelig look

We Care UB - Hjelpe gatebarn i Ukraina

Chice Chen UB - Banebrytande ungdomsklær

Tag UB - Refleksmerking av dyr

Visit Norwegian School Center - Arrangere skulebesøk for skular / elevar frå utlandet

Design UB – Profilering av bedrifter og organisasjonar i lokalmiljøet

UB.KOM – Produksjon av web løysingar og grafikk

I show UB – Lage reklamefilm for Eid commune – presentasjon av Eid I ungdomsperspektiv

FINNme UB – Halsband med chip til kjæledyr og husdyr

Classic UB – Aktivitetar og tenester knytt opp mot aktivitør og frisørfaget

Vi ynskjer Eid vgs lykke til som teknisk arrangør av fylkesmessa og håpar at UB elevane på Eid får eit lærerikt og spennande skuleår !