Frampeik UB er ei mediebedrift som leverer medieprodukt av høg kvalitet. Bedrifta fekk skryt av dommarane for sitt samarbeid med tunge aktørar i næringslivet og for å ha høg kvalitet på alt innlevert materiell til fylkesmessa. Bedrifta er gode i alle ledd og presenterte seg på ein framifrå måte på fylkesmessa på Eid. Bedrifta skal representere Sogn og Fjordane på NM for ungdomsbedrifter i april saman med Fumé UB frå Måløy vgs som vann klassen "Beste produkt" og Barnas Beste UB frå Øyrane vgs som skal vere med å konkurrere om Enterprise Without Borders prisen.
Komplett liste over alle vinnarar i alle klassar får du ved å laste ned dokumentet nedanfor.
Klikk på lysbildeframvisning for å sjå enkeltbilder.