Bedriftene som stillte med oppdrag på gründercampen var :
Det var premiering i klassane "beste presentasjon" og "beste problemløysing." Gruppa som hadde oppdrag frå helsearbeidarfag på Luster vgs vann "beste presentasjon" og gruppa som var på sognefjord.net vann i klassen "beste problemløysing".
Den sistnemnde gruppa hadde jobba særdeles godt med oppdraget sitt og blant anna sikra seg ein kontrakt med sognefjord.net som inneberer at dei skal levere ungdomsstoff til avisa Optimisten. Inntekta skal gå til ungdomsbedrifta Balder UB (som var stifta og registrert under gründercampen). Målet er at Balder UB skal reise på studietur til Kina saman med dei tilsette i sognefjord.net.
Gründercamp Luster er vel i havn og representantane frå Luster vgs, bedriftsrepresentantane og Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane konkluderar med eit godt arrangement frå start til slutt.
Klikk på lysbildeframvisninga for å sjå nettalbum / enkeltbilder