ENOVA gründercamp - suksess

ENOVA gründercamp vart gjennomført i Førde 22. oktober med stor suksess. Vinnarane reiser til Trondheim i januar på nasjonal gründercamp.

Deltakarane på gründercampen kom frå tre ulike skular i fylket. Studiespesialiserande med vekt på naturfag frå Hafstad og Flora vgs, elektrofag frå Øyrane vgs og klima og energi frå Flora vgs. Sunnfjord Energi stillte opp med 4 mentorar heile dagen og studentbedrifta Sunnfjord Automasjon SB stillte også med 4 mentorar. Denne kombinasjonen av ulike fagrupper gav arrangementet eit ekstra løft. Her blomstra kreativiteten frå morgon til kveld og motivasjonen blant elevane var på topp heile dagen. I etterkant uttalte elevane at dette hadde vore ei heilt spesiell oppleving og dei var spesielt fornøgde med samansetjinga av gruppene. Dei var også godt nøgde med oppdraget som er gitt av ENOVA.

Målet med arrangementet var å skape energieffektive løysingar for enten hus, lading av elektronisk utstyr eller energieffektivisering i kvardagen. Blant løysingane var det turladar montert i kneleddet for å utnytte energien i bevegelsane til "Plusshuset" plassert på ei øy der du kan hente energi frå både sol, luft og vatn.

VInnarlaget som bestod av Håkon Aleksander Hartved Olsen frå Hafstad vgs, Kristina Erikstad Sæterdal frå Hafstad vgs, Ole Jakob Lid frå Flora vgs, Kine Berg Ålhus frå Øyrane vgs. og Daniel Brandesæter Trettevik frå Flora vgs. skal representere Sogn og Fjordane på den nasjonale gründercampen i Trondheim i januar. Vi gratulerer vinnarane og ynskjer dei lykke til i Trondheim !