Kreativ ungdom i Vågsøy

Vågsøy ungdomsskule gjennomførte gründercamp over 3 heile dagar i samarbeid med Måløy vekst. Framtid, samspel og skaparglede vart godt ivaretatt !

Måløy Vekst i samarbeid med Nordea, Opplæring Vest, Båtbygg, Vågsøy ungdomsskule og Ungt Entreprenørskap sto for planlegging og gjennomføring. Bedriftene i Vågsøy stillte villig opp. Ungdommen var engasjerte og kreative gjennom heile arrangementet. Eit godt gjennomført arrangement frå A til Å.

Vinnarane jobba med eit oppdrag frå "Opplæring Vest" der dei skulle designe eit nytt uteområde for Vågsøy ungdomsskule. Dei leverte inn ein solid rapport med god dokumentasjon på korleis det nye uteområdet kunne sjå ut. På 2. plass kom gruppa som på oppdrag frå Måløy Vekst skule designe eit smykke med inspirasjon frå Vågsøy og årstidene.

Vi takkar dei flotte Vågsøybedriftene for at dei stillte opp og var med på å gjere gründercampen til ein suksess.

Nettsida til Måløy Vekst finn du her...

Klikk på fotoalbum for å gå til enkeltbilder.