Smak av gourmet UB serverte 6 retters

Smak av gourmet UB på Måløy vgs. inviterte til 6 retters middag på restaurant Kraftstasjonen. UE var der og fekk oppleve ein kulinarisk "happening" på eit prikkfritt gjennomført arrangement.

6 retters gourmetaften

Elevane i Smak av gourmet UB hadde brukt mange dagar på førebuingane og stemninga var god, men spent like før gjestane kom kl. 19.30.  Gjestekokk for anledningen var Dag Stian Knudsen frå hotel Neptun i Bergen. Denne måten å jobbe på gjev elevane ein unik muligheit til å prøve seg i den verkelege verda samt å knytte gode forbindelsar innanfor fagmiljøet. Elevane får høve til å jobbe i lag med ein eller fleire stjernekokkar, samtidig som dei veit at maten skal vere servert til riktig tid. Alt må stemme og det er viktig at gjestane er fornøgde. Her er mykje som skal passast på når ein 6 retters gourmetmiddag skal tilberedast og serverast.

God læring

Lærar Bente Vonheim lar elevane sine få sleppe til med å drive ungdomsbedrift for 2. året på rad. I fjor tok ho elevane sine heilt til NM for ungdomsbedrifter med bedrifta Smak av havet UB. Bente uttalar til UE at denne måten å jobbe på er lagt så nær opp til den verkelege verda som ein kan komme og at det å samarbeide med kokkar frå kjende restaurantar og hotell tilfører elevane heilt unike og verdifulle fagkunnskapar.

3 ungdomsbedrifter involverte

Heile 3 ungdomsbedrifter var involverte i arrangementet: Smak av gourmet UB som stod for tilbereding og servering, Fumé UB - Måløy vgs. som stod for delar av råvarene og Frampeik UB frå Firda  vgs. som var der og laga reportasje til Fylkesmesseavisa.

Ho rettar også ein stor takk til restaurant Kraftstasjonen som stiller både lokale og personale til disposisjon for elevane.

Les meir om Kraftstasjonen restaurant her.

Klikk på lysbildeframvisning for å sjå enkeltbilder.